Meny

Fortau av gummi

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I USA blir brukte bildekk kverna opp og brukt til fortau. Det er bra for miljøet og kjekt for produsentane.

Omlag 290 millionar bildekk blir kasta kvart år i USA. For fem år sidan fann Rubbersidewalks ut at dei kunne resirkulere gummien og lage fortau av han.

Trasig når treet slenger røttene sine oppå gangstien. (Foto: newsobserver.com)Trasig når treet slenger røttene sine oppå gangstien. (Foto: newsobserver.com)

Skumle hol og sprekkar


Problema med vanlege fortau laga av betongfliser eller asfalt, er nemleg at dei sprekk opp på grunn av kulde, salt og røter av tre som sprengjer seg opp. Det er ikkje spesielt festlig for gåande, joggande og syklistar. Ikkje ser det fint ut, heller.

Dyrare og betre


Meir enn 60 byar i USA har no byrja å reparere øydelagte fortau med gummifliser. Gummien er tre gonger så dyr som betongfliser, men likevel er det openbert så pass mykje å spare at styresmaktene i dei respektive byane finn det interressant:

Det er stor gevinst for miljøet

å bruke om att dekk som elles berre ville blitt nok eit tilskot til søppelberget.

Slik ser det ut når ein lagar fortau av gummifliser. (Foto: treelink.org)Slik ser det ut når ein lagar fortau av gummifliser. (Foto: treelink.org)

Gummien er betre

for dei som går eller spring. Det vil seie at knea og ryggen blir sparte for ekstra belastning, og det er mjukare å lande på viss ein skulle snuble og ramle.

Nettopp snubling

med påfølgjande skader er årsak til at tusenvis saksøker byar for skadeserstatning årleg. Det kan det bli mindre av med mjukare fortau.

Gummifortau har ei levetid på sju år

eller meir, og det er lenger enn betongfliser held.

Fortau laga av resirkulerte dekk

er heller ikkje så utsett for at t.d. trerøtter klarer å trengje gjennom overflata.

Syklist- og skatervennleg fortau laga av gummi. (Foto: trma.com)Syklist- og skatervennleg fortau laga av gummi. (Foto: trma.com)

Fornøgd med gummi


Både publikum og spesialistar er fornøgde med gummifortaua. I New Rochelle vart eit område utanfor to bustadhus dekte med gummi for to år sidan. Der hadde dei vore kraftig plaga av telehiv og sprekkdannelsar etter trerøter. Framleis ser fortauet fint ut, etter to vintarar med frost, salting og snømåking.

- Nokre av trea her er over 100 år gamle, og det ville vore synd å sage dei ned, seier ein nøgd talsmann for dei lokale styresmaktene, Jeffery Coleman, til Columbian.com.

Mjuke verdiar


Dr. Frank Kelly fra interessegruppa til amerikanske ortopediske kirurgar skryt over dei nye fortaua og seier dei er svært snille mot helar, kne og ryggar.

Gummioverflata er tettare enn den ein finn på gummibelagte leikeplassar, men sjølvsagt mykje mjukare enn betong. Dekkflisene veg berre det kvarte av betongfliser. Dei finst så langt i to grånyanser og i terakottafarge.

Meir om miljø i Neste Klikk.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus