Meny

Dumping av fisk vil truleg auke

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er berre to år sidan Utkastkommisjonen peika på at norske trålarar dumpar fisk til 700-800 millionar kroner på havet kvart år.

(Foto: Gulf Region Canada)(Foto: Gulf Region Canada)

(NPK):Men svært lite har skjedd, og styresmaktene fryktar at det ulovlege fisket frå norske båtar vil auke, skriv Aftenposten.

Mykje har vore sagt og skrive om dei utanlandske båtane utanfor Noregskysten. Men norske fiskebåtar har fått mindre merksemd.

Då den såkalla Utkastkommisjonen vart sett ned i 2004 for å få oversikt over ulovleg dumping, viste det seg at norske fiskarar kasta ut opptil 200.000 tonn fisk som dei ikkje hadde bruk for.

Torskekvotane vil truleg bli kraftig reduserte i åra som kjem, og i Fiskeridirektoratet er dei redde for at dumpingproblemet berre vil auke. I Fiskeridirektoratet er talet på stillingar kraftig redusert, og dermed blir det vanskelegare å ta dei som bryt reglane eller ignorerer dei fullstendig.

Direktoratet fryktar det skal bli endå vanskelegare å kontrollere rovfisket i norske farvatn. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus