Meny

Svoltne menn lystne på tjukke damer

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Store damer har betre sjans på ein svolten mann enn på ein som er mett.

Ei studie gjengitt i The British Journal of Psychology syner at vestlege menn lar seg påverke av svolt når dei skal vurdere kvinner.

Vegen til mannens hjarte går gjennom magen, heiter det. Men kanskje kan det vere lurt å stoppe han før han får spist så mykje. (Foto: npr.org)Vegen til mannens hjarte går gjennom magen, heiter det. Men kanskje kan det vere lurt å stoppe han før han får spist så mykje. (Foto: npr.org)

Svolt styrer


- Korleis du har det avheng av underliggajnde organismar, blodsukkeret ditt og hormonnivået ditt, og desse igjen avheng av svolt, fortell Martin Tovée som er doktor på universitetet i Newcastle.

Undersøkte studentar


Doktorane Viren Swami og Martin Tovée tok for seg 61 mannlege studentar på veg inn eller ut av studentkantina for å sjå korleis svolt påverka deira syn på kvinner.

30 av studentane var svoltne, medan 31 hadde ete og var mette. Alle studentane fekk sjå dei same bileta av overvektige kvinner i strame klede.

Dei svoltne studentane rangerte dei tjukke kvinnene som meir attraktive

enn det dei som var mette gjorde.

Tjukke folk i magre land


I delar av verda kor det er underskot på mat, vil mange sjå på det å vere tjukk som eit teikn på velstand. Det handlar rett og slett om å kunne finne den livspartnaren som har størst overlevingssjanse i ei verd med lite mat.

Store kvinner ser vakrare ut for ein svolten mann. (Foto: steelturman.typepad.com)Store kvinner ser vakrare ut for ein svolten mann. (Foto: steelturman.typepad.com)

Her i vesten, kor tilgangen på mat er nesten ubegrensa, er idealet andre vegen, og det å vere slank er sett på som ein kvalitet i seg sjølv.

By og land


Men korleis me vurderer kroppsstorleik varierer og ut frå kor me kjem frå - innafor eitt og same land. Folk frå bygda byrjer å idealisere det å vere tynn i større grad når dei kjem til byen.

Annleis med kvinner?


No skal Swami og Tovée undersøkje om svoltne kvinner reagerer likt overfor overvektige menn. Dei er ikkje så sikre på det.
- Forskning tyder på at kvinner vurderer kroppstorleik på seg sjølve og andre ut frå sin eigen kropp.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus