Meny

Ta farvel på nett

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Send ei siste helsing på e-post. Orda dine blir sendt til dei du ønskjer - medan du ligg i grava.

Det kan jo vere så mykje ein har lyst til å seie, men ikkje vågar. Kanskje skulle du gjerne bede nokon om orsak for at du plaga dei ein gong, kanskje er du ikkje så flink med ord og vil heller skrive ned nokre få, velvalte ord til den du elskar.

 Det ser i grunnen ut som ein heilt vanleg webmail-plass på nettet. Det ser i grunnen ut som ein heilt vanleg webmail-plass på nettet.

Eller er du ganske enkelt ein kontrollfrik som berre

må ha det siste ordet

? Sjansen er der for alle.

Nettstaden thelastemail.com lar deg forfatte

ei siste helsing som dei sender ut til dei du måtte ønskje - etter at du døyr.

Her finn du ulike tilbod med store og små pakkar, alt etter kor mange epostar du vil sende ut, kor mykje du vil leggje ved av lyd- og bildefilar, kor mykje diskplass du treng osb. Sjølvsagt kostar alt dette pengar: Mellom 50 og 150 kroner årleg må du ut med. Men det finst og ein gratis versjon som lar deg sende ein einaste posthum epost til einkvan.

Det er mange slags minnesmerke me skal ha etter oss.(Foto: tngenweb.org)Det er mange slags minnesmerke me skal ha etter oss.(Foto: tngenweb.org)

Kva så viss du skulle komme til å

seie meir enn du eigentleg hadde tenkt

, erklært din kjærleik til nokon du angrar på, for eksempel? Ifølgje thelastemail.com har du heile vegen høve til å endre innhaldet i eposten din. Heilt til du døyr, i alle fall.

Så gjenstår det store spørsmålet: Når veitt desse folka kva tid dei skal sende epostane?

Korleis får dei vite når eg døyr?


På FAQ finn eg svaret: Du må ha ei erklæring som dei etterlatte etter deg får, kor du gir dei mynde til å sende thelastemail.com dødsattesten din. Når det er gjort, skal alt gå av seg sjølv.

Så spørs det berre kva ein skal skrive, og kven ein skal skrive til.

Les også:
Send mail til framtidige deg

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus