Tiltala for å ha kasta kake på finansministeren

Artikkelen fortsetter under annonsen

Studenten som kasta ei kake på finansminister Kristin Halvorsen (SV) i oktober i fjor, er nå tiltala for å ha begått eit brotsverk mot Noregs statsforfatning.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: www.flickr.com)(Foto: www.flickr.com)

Oslo (NTB): Angrepet på Halvorsen skjedde utanfor Finansdepartementet om morgonen 18. oktober i fjor, på hennar første arbeidsdag. Ho fekk kremkaka godt plassert i bakhovudet. Etterpå stod studenten fram i VG og hevda at han hadde kasta kaka for å få i gong debatt om det var godt for landet å ha ein finansminister frå SV.

Spørsmålet om kva for ei straffebestemming som skulle brukas mot 24-åringen har vært heilt oppe hos Riksadvokaten. Strafferamma er 15 års fengsel.

- Vi enda med ei relativt alvorleg tiltale, seier førstestatsadvokat Marit Bakkevig i Oslo til VG.

Studenten frå Valdres er tiltala etter straffelovas paragraf 99, som går ut på å hindre regjeringsmedlemmer i si verksemd. Mannen er også tiltala for lekamsfornærming og for å ha krenkja Halvorsen med skremmande eller plagsom opptreden.

Halvorsen er innkalla som vitne i saka, som er beramma for Oslo tingrett 11. oktober.

Mannen som meinte at kakekastinga hans var humoristisk og uskuldig, var ikkje førebudd på reaksjonane i ettertid. Etter kakeoverfallet avbraut han studiene, og han mista også jobben. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving