Fann 230 kilo hasj med røntgenfotografering

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tollvesenet beslagla 230 kilo hasj på Svinesund.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):Partiet med det narkotiske stoffet vart funne ved hjelp av røntgenfotografering.

Hasjpartiet vart funne på ein lastebil som vart stoppa og tatt ut til kontroll då han passerte grensa søndag kveld.

- Bilen vart kontrollert ved hjelp av Tollvesenets mobile skanner, og røntgenfotograferinga avdekte uregelmessigheiter, seier Wenche Fredriksen som er kontorsjef på Svinesund.

Ein narkotikahund markerte ved åtte pappesker bakarst på hengaren. Desse pappeskene viste seg å innehalde til samen 230 kilo hasj. Føraren av bilen vart saman med beslaget overlevert til politiet.

Dette er det største hasjbeslaget Tollvesenet har gjort sidan det vart beslaglagt eit halvt tonn hasj på Svinesund 30. november i fjor. Også den gongen vart beslaget gjort ved hjelp av skanner. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving