Nei til å testa gravide

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ikkje nødvendig for gravide kvinner å testa seg for bakterien streptokokk B, så sant dei ikkje er i risikoruppa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: english.pravda.ru)(Foto: english.pravda.ru)

(NPK): Det meiner Nasjonalt folkehelseinstitutt som frårår legane å testa alle urolege gravide.

- Veldig få får sjukdommen, seier overlege ved Folkehelseinstituttet, Hans Blystad, til Aftenposten. Instituttet har blitt nedringt av urolege gravide etter at det vart kjent at åtte spebarn hittil i år har døydd av streptokokk-bakterien gruppe B.

Meiningane om kva hjelp ein skal tilby gravide er delte. Ikkje alle er samde med tilrådingane frå Folkehelseintituttet.

Gynekologforeningen opnar for at redde gravide både kan få testa seg og få antibiotika.

Jordmorforeningen er derimot kritisk til å gje antibiotika mot ein bakterieflora som er normal hos kvinner. Leiaren i forreninga meiner likevel at urolege kvinner som kjem til lege eller jordmor bør få lov til å testa seg. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving