Sola tar livet av 60 000

Verdas helseorganisasjon, WHO, rapporterer at så mange som 60 000 menneske døyr årleg på grunn av sola.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Hovudsakleg dreier det seg om ulike former av hudkreft, melder CNN.com.

Nitti prosent av hudkreften skuldast ultrafiolette stråler, kjem det fram av rapporten. Andre skader sola gir, er solbrentheit, hud som aldrast, augekatarr og munnsår, mellom anna.

Dr Maria Neira, leiar for Public Health and the Environment i WHO seier at det er enkle førehandsreglar som skal til for å beskytte seg.

- Oppsøk skugge, bruk solkrem med solfaktor 15 og ikkje bruk solarium.

Ultrafiolette stråler er naudsynte for å aktivere vitamin D i kroppen vår.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy