Ikkje snakk slik til barn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Foreldre plumpar ut med mykje rart når dei snakkar til ungane sine. Ikkje alt burde vore sagt høgt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Her er ei liste over ting du ikkje bør seie til barnet ditt:

1. - Fordi eg seier det!


Typisk frase foreldre brukar når dei har gått tom for argument. Det ein eigentleg seier, er: «Eg er stor og har makt, du er liten og må adlyde.»

(Foto: jimdirden.com)(Foto: jimdirden.com)

2. - Her, la meg gjere det for deg.


I ein småstressa kvardagssituasjon er det lett å ta over når ungen strevar eller tar seg god tid med ei oppgåve. Men når du tar over skoknytinga, hårflettinga eller oppvasken, lærer ikkje ungen å gjere det sjølv. Ho lærer berre å kjenne seg hjelpelaus.

3. - Korfor kan ikkje du vere meir som broren din / systera di?


Ganske opplagt: Å samanlikne sysken kor den eine kjem betre ut enn den andre, er neppe med på å gjere syskenkjærleiken særleg sterk. Sjølvkjensla til den som kjem dårlegast ut får seg og ein knekk.

4. - Ikkje spring, du kan ramle!


Meldinga du sender til ungen din, er: «Eg trur ikkje du greier dette, eg trur du kjem til å ramle.» Sjansen er faktisk ganske stor for at ho kjem til å gjere nettopp det når du seier det slik.

Og dessutan: Sjølvsagt kan ho ramle, men kva så?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


5. - Viss du ikkje sluttar med det, går eg frå deg.


Eit barn vil tru deg når du seier du skal gå frå ho. Å bli forlate av foreldra er noko av det barn fryktar mest her i livet.

Å truge med å forlate eit barn er å bruke frykta hennar for å manipulere ho til å gjere det du vil.

Eit godt alternaitv er å gje ho val: «Viss du ikkje skjerpar deg, så går me heim. Oppfører du deg fint, kan me bli her.»

(Foto: members.shaw.ca)(Foto: members.shaw.ca)

6. - Me skulle aldri fått barn.


Det kan vere at du seier det lågt med deg sjølv, og at det ikkje er meint for nokre andre sine øyrer. Like fullt er det heilt uakseptabelt for foreldre å seie slik til barnet sitt, uansett kva ho har sagt eller gjort.

7. - Det får gå for denne gangen.


Nei. Anten tolererer du det ikkje, eller så er det greitt. Meiner du at det er feil at ungen har drukke cola på rommet sitt etter tannpussen om kvelden, ja så er det det. Då får ho heller stå opp igjen og pusse tennene ein gong til.

Dette, derimot, kan barnet ditt tåle å høyre mange, mange gonger:


- Eg er glad i deg.
- Det er ditt val.
- Sjå inni!
- Eg veit du klarer det.
- Eg set pris på at du prøver.
- Eg ser deg.
- Nei.

Kjelder: Early Childhood Michigan, Parents.com

Meir om helse:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving