Meny

Politiet: Psykisk sjuke utgjer stadig større trugsel

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Psykisk ustabile personar utgjer ein aukande trugsel mot norske kongelege og toppolitikarar, meiner politiet.

(foto: www.firda.no)(foto: www.firda.no)

Oslo (NTB): - Problemet med psykisk ustabile personar har dei siste åra vore aukande, seier sjef for Den Kongelige Politieskorte (DKP), Derek Strøm-Normann, til VG.

Han vil ikkje kommentere konkret om desse personane er farlege, men seier at det alltid finst nokre som har vilje og evne til å gjennomføre planane sine.

DKP vil ikkje oppgi nokre tal på antal personer eller hendingar. Det vil heller ikkje Politiets sikkerheitsteneste (PST).

Fungerande informasjonssjef i PST Anne Martens opplyser at det stort sett er enkeltståande personar med psykiske problem som utgjer ein trugsel mot norske myndigheitspersonar.

- Ofte er det snakk om personar med psykiske lidingar, ja, eller personar som på bakgrunn av ekstreme oppfatningar ynskjer å truge eller ramme ein offentleg person dei har identifisert som ein motstandar, seier ho.

Martens opplyser at antal trusglar har vore aukande dei siste åra.

- Ei av årsakene er nok aukande personfokusering i media. Det bidreg til å synleggjere myndigheitspersonar, seier ho.

Prinsesse Märtha Louise er blant desse. Uønska merksemd frå psykisk ustabile personar er ein av grunnane til at politiet nå har sett opp eit gjerde rundt eigedommen hennar i Lommedalen. Gjerdet er 2,5 meter høgt og nærare 400 meter langt. I tillegg har politiet iverksett fleire andre moderne sikringstiltak for å beskytte prinsessa og hennar familie. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus