Meny

Den hersens nabo’n

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Troll med buksa nede, knivstikking og Kaptein Sabeltann: Neste Klikk presenterer verdas verste naboar.

Nabokrangel er god mat, i alle fall for oss i media, for forsikringsselskap og ikkje minst for advokatar. Folk berre elskar å krangle med naboen på andre sida av gjerdet, eller på andre sida av grensa for den del.

Her får du døme på kor trasig og tøvete det kan bli når naboar ikkje kjem overens med kvarandre:

Slik får folk sagt frå om kva dei meiner om naboen sin. (sptimes.com)Slik får folk sagt frå om kva dei meiner om naboen sin. (sptimes.com)

Obscøn rosa panter


Michael Glick frå St. Petersburg har valt ein noko utradisjonell måte å seie kva han meiner om naboane på. På sør-sida, der dei kjekke naboane bur, har han mala husveggen raud og hengt opp smilefjes. Men på nordsida er huset blått, og svære sure fjes heng høgt og lågt.

Som om ikkje det skulle vere nok, har han sett opp eit troll som har buksa nede, og på hustaket sit ein Rosa panter-bamse i ein heller uanstendig posisjon…

Kroppspråket kan seie uendeleg mykje. (Foto: grouchyoldcripple.com)Kroppspråket kan seie uendeleg mykje. (Foto: grouchyoldcripple.com)

På randa av sjølvmord


Engelske Dawn Murphy, allereie tvangsflytta frå eitt nabolag, er no i søkjelyset att for mellom anna å ha drive to gamle damer i det nye nabolaget sitt til randa av sjølvmord. Vidare er ho og familien hennar meld for trugsel med kniv, for å ha kalla ein 14-åring feit og å ha slått ein anna tenåring med ein kost.

Byrådet og politiet etterforskar for tida anklagane. Murphy-familien stiller seg uforståande til det heile.

Naboane vart lei av dritten til Davis, og fekk han til slut fengsla for ekstrem forsøpling. (Foto: local6.com)Naboane vart lei av dritten til Davis, og fekk han til slut fengsla for ekstrem forsøpling. (Foto: local6.com)

Søppel og rotter


Alan Davies terroriserte naboane sine ved å byggje opp ei gigantisk søppeldynge i hagen. I over ti år har naboane klaga over lukta, synet og ikkje minst rottene som samla seg i søpla.

Hausten 2003 byrja Davies det han sjølv kalla «rydding», det vil seie at han flytta søpla frå bakken og opp på taket. Myndigheitene var ikkje imponerte og sende han fengsel. Han slapp nettopp ut etter å ha sona 17 månader for «ekstrem forsøpling».

Kaptein Sabeltann, no også som torturmiddel. (Foto: sfk.no)Kaptein Sabeltann, no også som torturmiddel. (Foto: sfk.no)

Så kan vi ta det rolig


Så til litt meir heimlege trakter: Førre veke måtte politiet på Karmøy rykke ut til same adresse to gonger.
Årsak: Ein mann haldt på å ta knekken på naboane sine ved å spele kaptein Sabeltann-slageren «Hiv o'hoi» 21 gonger etter kvarandre, kjempehøgt, seint på kvelden…

Say no more.

Har DU ei god nabohistorie? Bruk gjerne kommentarfeltet under her.

Kjelder: Sptimes , icBirmingham , Radio Haugaland og local6.com.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus