Oslo-biskopen krev reaksjon etter jøde-overfall

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo-biskop Ole Christian Kvarme krev ein tydeleg reaksjon frå norske myndigheiter etter at ein jøde blei overfalt i Oslo tidlegare denne månaden.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Kirkeinfo)(Foto: Kirkeinfo)

Oslo (NTB): Kvarme er skuffa over det han meiner er ei likegyldig haldning til overfallet på den norske jøden. Han synast etterlysninga frå den israelske ambassadøren Miriam Shomrats av ein reaksjon frå myndigheitene laurdag ikkje burde vore naudsynt.

- Eg synast det er ei betimeleg etterlysningen. Det ville vore naturleg med ein tydeleg reaksjon både frå regjeringa og frå leiinga av Oslo by, seier Kvarme til Vårt Land.

Det bur om lag 1.300 jødar i Noreg. Laurdag 15. juli blei ein av dei overfalt på gata i Oslo. Det Mosaiske Trossamfund i Oslo gjekk etterpå ut og oppmoda jødane til å la vere å snakke hebraisk på gata, og til å la kippaen, den lille kalotten, liggje igjen heime.

Kvarme meiner det må gje grunn til ettertanke når trossamfunnet åtvarar jødar mot å bruke jødiske symbol. Han meiner overfallet er ei antisemittisk handling som er uakseptabel. Jødar høyrer naturleg heime i Oslo og er ein del av samfunnet, påpeikar biskopen.

Han meiner det er ekstra viktig å fordømme antisemittisme i lys av
utviklinga som har vore i Europa dei siste årea, kor synagogar er blitt
angripne og jødar antasta fleire stader. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving