Vil ha funksjonshemma i arbeid

Artikkelen fortsetter under annonsen

Regjeringa ønskjer at fleire personar med nedsett funksjonsevne skal få jobb i staten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: odin.dep.no)(Foto: odin.dep.no)

(NPK): Difor skal kvart departement rekruttere ein høgt utdanna person med nedsett funksjonsevne til ei traineeordning. Målet er at dei 18 personane skal gå inn i eit opplæringsprogram i dei ulike departementa frå 2007.

- Eg er svært glad for at vi har klart å få til eit traineeprogram for personar med nedsett funksjonsevne. Dessverre er det slik at dei ofte møter stengde dører når dei prøver å kome seg inn på arbeidsmarknaden, seier Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Det har tidlegare blitt gjennomført to traineeprogram for personar med høg utdanning, men desse har hatt manglar når det gjeld utforminga. Difor har personar med nedsett funksjonsevne falle utanfor. Dette ønskjer regjeringa no å rette på. Det nye opplegget skal utformast i samarbeid med ei referansegruppe med representantar frå både brukarorganisasjonar og hovudsamanslutningar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving