Håvar inn pengar på straumprisen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(NPK): Straumprisen er så langt i år gjennomsnittleg 59 prosent høgare enn i fjor. Det betyr også auka straumavgifter og straumskattar til staten.
Dei offentlege inntektene av straumsalet er i år rekordhøge. Totalt ser dei samla inntektene ut til å bli 50 milliardar kroner, melder NRK. Dette er like mykje som staten tener på bilavgiftene.
Ketil-Solvik Olsen (Frp) i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, meiner det må setjast i verk strakstiltak for å få ned straumprisane til vinteren. (NPK)