Fornøgde med forbundet sitt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fagorganiserte er fornøgde med forbundet sitt, men saknar større deltaking i samfunnsdebatten, viser ei ny undersøking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: fagforbundet.no)(Foto: fagforbundet.no)

Oslo (NTB): 60 prosent er einige i at deira forbund eller organisasjon er for lite synlege i samfunnsdebatten, ifølgje undersøkinga som Sentio har gjort blant 669 fagorganiserte.

I undersøkinga etterlyser dei organiserte også meir lobbyverksemd mot politikarar.

Halvparten av dei spurde seier dei har hatt kontakt med foreninga det siste året, og dei fleste har gode erfaringar med dette. Ni av ti fekk både rask tilbakemelding på den kontakten dei tok, og åtte av ti fekk eit godt svar. Litt over halvparten føler dessutan tilhøyrigheit til forbundet sitt. 21 prosent gjer dette i svært stor grad, skriv Klassekampen.

Dei organiserte i undervisningssektoren føler størst identifikasjon med forbundet sitt. Transportarbeidarar flest føler seg også heime i sitt forbund.

Dei organiserte er ikkje berre tilfredse med det forbunda oppnår. Berre 36 prosent var fornøgde med det forbunda oppnådde i tariffoppgjera. Fire av ti var fornøgde med det forbunda får til i spørsmål om arbeidsmiljø. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving