Ikkje treff veggene, treff tonen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Du kan enten prøve kor stø du er på handa, eller du kan synge karaoke. Eller begge deler.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er på tide med eit lite avbrekk, ikkje sant?

Kor stø er du på handa, eigentleg?Kor stø er du på handa, eigentleg?

Labyrinten


I denne nervepirrande labyrinten er føremålet å kome seg gjennom fire nivå utan å treffe veggen. Du treng ikkje halde ned museknappen, berre bruke musa til å leie den vesle prikken gjennom labyrintane.

Nivå 1 og 2 er ganske lette, viss ein berre tar det litt roleg. Men etter det stramar det seg til.

Hugs å ha lyden høgt på.

Kor langt kjem du?

Karaoke


Sist veke skreiv me om to utrulege koreanske jenter som tok dette med karaoke til eit heilt nytt nivå.

Viss ABBA vil kome saman att, er eg klar. Fernando på karaoke gjekk i alle fall fint.Viss ABBA vil kome saman att, er eg klar. Fernando på karaoke gjekk i alle fall fint.

Men kunne du hatt lyst til å prøve deg sjølv? Viss du følgjer denne linken, kjem du til ein online-karaoke (som desverre berre funkar i Explorer).

Der er det berre å velje og vrake i ei mengd titlar og syngje i veg. Bakgrunnsmusikken er kanskje ikke så spenstig, men det gjer ikkje så mykje.

Meininga er jo at du skal syngje så høgt og inderleg sjølv at musikken berre blir eit vakkert lite bakteppe.

Vil du gjere litt ekstra av det, utfordrar eg deg til å få med fleire på karaoken,

ta bilete av det og sende til oss

! Me publiserer nemleg rett som det er bilete som lesarane våre sender inn.

Meir moro i Neste Klikk finn du her og her.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving