Rektor sitt hundekjøt sette kinesisk skule i flammar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein kinesisk rektor ville få lærarane sine til å tie om ein handel ved å servere tjuvslakta hundekjøt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Bilde: www.tierklinik-oberhaching.de)(Bilde: www.tierklinik-oberhaching.de)

Beijing (NTB-Reuters): Det enda med at skulen nesten brann ned.

Ti klasserom med TV-apparat, datamaskinar, lærebøker og anna utstyr vart heilt utbrend som resultat av det lyssky måltidet, skriv Beijingungdommens Dagblad fredag.

Rektoren på ein skule i Heilongjiang-provinsen nordaust i Kina hadde i smug seld skulen sitt arboretum med over tusen trær.

For å få lærarane til å tie om handelen, fekk han venner til å skaffe to hundar som dei slakta på skulen. Rektoren gjekk så til lærarane og sa dei skulle få hundekjøt, skriv avisa.

Men planen slo helt feil då ein av hundane tok fyr medan han vart steikt. Den brennande hunden sette igjen fyr på kontoret til rektor, og brannen spreidde seg derfrå til dei ti klasseromma.

Det lokale skulestyret gav rektoren 10.000 yuan, vel 8.000 kroner, i bot. Dei føreslår vidare at han får sparken, skriv avisa. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving