Sudbø ønska å slutte

Artikkelen fortsetter under annonsen

Juksavslørte Jon Sudbø seier at han sjølv hadde eit ønske om å slutte ved Rikshospitalet / Radiumhospitalet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: tannlegetidende.no)(Foto: tannlegetidende.no)

Oslo (NTB): Han seier til Aftenposten at han lenge har hatt eit ønske om å slutte, og at han benytta seg av det då sjukehuset gav han muligheit til sjølv å si opp.

- Ja, det er eit ønske eg har hatt lenge. Ikkje slik at det er noko gale med Radiumhospitalet eller kollegaene mine, men eg har følt litt fremmandgjering i forhold til leiinga ved det nye Rikshospitalet / Radiumhospitalet etter sammanslåinga, seier han til avisa.

Han forsikrar også at han ikkje har motteke nokon fallskjerm.

- Dette er ein standardavtale, heilt utan fallskjerm, seier han.

Likevel hevdar Sudbø, som er omtala som skandaleforskar etter at det viste seg at mesteparten av forskinga hans var basert på fiktive data, ser lyst på framtida. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving