Titusenar å spare på miljøvennlege bilar
(NPK): Regjeringa lanserer eit system med differensiert eingongsavgift i statsbudsjettet til hausten.
- Det blir titusenar å spare på bilkjøpet. Til mindre drivstoff bilane brukar, til billegare blir dei. Vi byggjer på prinsippet om at dei som forureinar skal betala for det, seier statssekretær Roger Scherva (SV) i Finansdepartementet til Aftenposten.
Ein gjennomsnittleg norsk bil slepper ut cirka 180 gram CO₂ per kilometer, og det er rimeleg å rekne med at dei som slepper ut mindre via bensin eller diesel kjem svært gunstig ut av nyordninga.
Dei mest kjøpte bilmodellane i 2006, som Volkswagen Passat, Toyota Corolla, Toyota Avensis, Toyota RAV4, Volkswagen Golf, Peugeot 307 SW, Ford Focus og Skoda Octavia slepper ut mindre enn dette gjennomsnittet, viser oversynet som Aftenposten presenterer.
Både Norges Automobil-Forbund og bilimportørane støttar denne omlegginga av bilavgifter. (NPK)