Noreg sikrar afrikansk verdsarv

Artikkelen fortsetter under annonsen

Regjeringa set av tre millionar kroner for å sikre afrikansk verdsarv. African World Heritage tek imot pengane gjennom Utanriksdepartementet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Noreg følgjer med dette opp pliktene sine i verdsarvkonvensjonen til Unesco, som går ut på å støtte land som har store utfordringar i arbeidet med verdsarven.

- Vogga til menneskeætta stod i Afrika, og difor er det vår felles historie dei afrikanske landa forvaltar. Dette har vi alle eit felles ansvar for å ta vare på, seier utviklingsminister Erik Solheim.

Dei afrikanske landa har sjølve teke initiativ til fondet og skal vere dei største bidragsytarane. Landa tek altså sjølve ansvar for å følgje opp pliktene i konvensjonen og for å løyse dei utfordringane dei står overfor i forvaltninga av verdsarven. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving