Sju meter prevensjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ungdommar på landsleiren til Røde Kors Ungdom har reist ein sju meter høg kondomfallos på Tromøya utanfor Arendal.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje frå Tromøy, men: Slik såg det ut då Verdas Aids-dag vart markert i Buenos Aires. (Foto: goodairs.com)Ikkje frå Tromøy, men: Slik såg det ut då Verdas Aids-dag vart markert i Buenos Aires. (Foto: goodairs.com)

(NPK): Byggverket er meint som eit bilete på at stadig fleire nordmenn får kjønnssjukdomar. Målet er å få ungdom til å bli flinkare til å bruka prevensjon.

- Under 20 prosent av dei unge i Noreg brukar kondom første gongen dei har sex med ein ny partnar. I dei fleste andre europeiske land er talet 60 til 80 prosent, seier Alexander Vallestad, leiar i Røde Kors Ungdom.

Betre informasjon og gratis kondomar


Barnekonvensjonen slår fast at ungdom har rett på god seksualopplysing. Røde Kors Ungdom meiner skulen sviktar på dette området.

- Seksualundervisninga på skulen er ein vits, seier Vallestad. Røde Kors Ungdom krev betre seksualundervisning og automatar med gratis kondomar der ungdom ferdast.

- No blir det kvart år brukt fleire titals millionar kroner på å behandla noko som er enkelt å førebyggja. Det er rett og slett for dumt, seier Vallestad, som krev at helseministeren gjer noko med saka. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving