Fekk bytte ut snodig namn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Guten som i 19 år har heitt «Bøtelagt 2.60», har no skifta namn. Namnet fekk han som eit motsvar til befolkningspolitikken i Vietnam.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den gongen guten vart fødd, i 1987, vart han nummer fem i søskenflokken.

Ganske kult å heite «Gyldne drage». (Foto: 026.co.jp)Ganske kult å heite «Gyldne drage». (Foto: 026.co.jp)

Men i heimlandet Vietnam har dei mange år hatt ein strikt politikk på at kvar familie berre skal ha to ungar. Får du fleire enn det, vankar det bøter, fortel nettstaden jiggle.de.

Kjempebot


Og det var i harme over å få ei slik bot at faren til denne guten valde å gi han namnet Mai Phat Sau Nghin Ruoi, eller «Bøtelagt 6 500 dong» (beløpet svarar i norsk valuta til 2 kroner og seksti øre). Summen som namnet består av, er altså det bota hans var på.

- Skift namn


Opp gjennom åra har myndigheitene og andre prøvd å få denne faren Can til å skifte namn på sonen. Naturleg nok vart «Bøtelagt 2.60» terga for namnet sitt på skulen heime i landsbyen Quang Dai, men faren har vore stanhaftig heile vegen.

Stolt drage


Så omsider, etter 19 år, har både myndigheitene og «Bøtelagt 2.60» fått det som dei vil: Det nye namnet på guten er Mai Hoang Long. Eller «Gyldne drage», som det tyder.

Og så er alle fornøgde.

Neste Klikk om namn og namneval:

ABC Startsida har og meir om namn.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving