Meny

Snøen smeltar for sommarskikøyrarane

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Sommarvarmen tar knekken på skiføret i fjellet.

 (Bilde: www.bluemtnlodge.com) (Bilde: www.bluemtnlodge.com)

Stryn (NTB):Stryn sommerski måtte stenga i forrige veke, før sesongen er skikkelig i gong.

Allereie 6. juli stoppa heisane, medan senteret i fjor hadde ope heilt til 14. august. 30 sommarjobbtilsette er sagt opp som følgje av det varme veret, og den påfølgjande snøsmeltinga.

- Snøen på breen rann rett og slett vekk med rekordfart i sommarvarmen, til slutt var det kun blåisen igjen, seier dagleg leiar Anita Vinsrygg ved Stryn sommerski til Nationen.

Det var i vår lite snø i fjellet grunna ein snøfattig vinter. Med sterk varme i juni og juli, er det dermed lite igjen å køyra brett og ski på.

Skisenteret, som ligg på Strynefjellet, vurderer bruk av snøkanoner, men Vinsrygg seier at manglande vegsamband heile året gjer at drifta av kanonene vil bli vanskeleg. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus