Meny

Norske aktivistar kasta kleda i protest

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Under mottoet «Heller naken enn med pels» samla norske og svenske aktivistar troppane for å protestere mot pelsindustrien.

(Bilde: www.bbc.co.uk)(Bilde: www.bbc.co.uk)

(NPK): Iførd eit banner med slagord, og lite anna, kunne aksjonistane frå NOAH og Djurens Rätt forklare at dyr lid og døyr på grunn av menneskeleg dårskap.

Den lett humoristiske aksjonen skjedde framfor Stortinget måndag, og rapportar derifrå tyder på at det var fleire utsendingar frå pressa der enn aksjonistar.

Ei uvanleg kritisk presse kunne til og med avdekkje juks blant aksjonistane.
- Dei er ikkje heilt nakne under bannaret? spurde journalisten til Dagbladet.no.
- Nokon er kanskje det, andre ikkje. Det forblir ein løyndom, svarte leiar i NOAH, Siri Martinsen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus