19 drosjesjåførar dømde for stønadssvindel

Artikkelen fortsetter under annonsen

19 taxisjåførar i Oslo er dømde for å ha kjørt drosje samtidig som dei fekk utbetalt sosialhjelp.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Bilde: www.glomdalen.no)(Bilde: www.glomdalen.no)

(NPK): Oslo kommune melde i alt 48 sjåførar for å ha teke mot sosialhjelp samtidig som dei kjørte drosje svart. Nokre av dei 19 er dømde til fengselsstraff, andre må betala bøter.

19 sjåførar er altså dømde, 19 har enno ikkje fått sakene sine avgjort i retten, medan 10 enten er frifunne, eller at saka mot dei henlagt.

Sjåførane skal ha svindla kommunen for summar frå 10.000 til oppimot 400.000 kroner, og blir dømde til å betala tilbake det dei har svindla til seg som sosialhjelp.

500 drosjeeigarar kan også bli politimeldt for trygdesvindel, og for å ha lurt ein halv milliard kroner unna skattlegging, fortel NRK.no. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving