Vil ha traktorkonsert til Noreg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Traktorar kan brukast til langt meir enn eit nyttig hjelpemiddel i landbruket.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Bilde: htdconnect.com)(Bilde: htdconnect.com)

(NPK): I Sverige og Tyskland har den svenske komponisten Sven-Åke Johansson gjort suksess med komposisjonen «Konsert for 12 traktorer.» No arbeider Norsk Landbruksmuseum og Galleri F15 for å få oppsetjinga til Noreg.

Sven-Åke Johansson, som bur i Berlin, fekk ideen til komposisjonen ein morgon han var på bygda og vart vekt av lyden frå traktorar. Stykket blir omtala som ein slags «musikalsk hemn» der lyden av 12 brummande gamle diseltraktorar frå 50-og 60-talet blir til musikk.

- Tanken er å få lokale bønder i Østfold-området til å stilla med to- og tresylinders traktorar og framføra stykket saman med Sven-Åke Johansson som dirigent, seier informasjonsmedarbeidar Jonas Qvale i Galleri F15.

Han meiner stykket er eit fint døme på korleis avantgarde musikk kan gjerast veldig folkeleg.
- I Sverige og Tyskland har konserten blitt ein stor suksess og ein folkefest, seier han.

Norsk Kulturråd har løyvt 50.000 kroner til konserten. Arrangørane arbeider no for å få til resten av finansieringa slik at traktorkonserten kan realiserast. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving