- Vald mot homofile må registrerast

Artikkelen fortsetter under annonsen

Leiar av Aps homonettverk, Håkon Haugli, krev at vald mot homofile må bli registrert som noko meir enn lekamsskade hjå politiet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: changewillcome.deviantart.com)(Foto: changewillcome.deviantart.com)

Bakgrunnen for uttalen er ei hending kor ein mann vart slått ned på gata i Oslo i helga då han ope vedgjekk å vere homofil.

Håkon Haugli seier til Dagsavisen at han kjenner til mange homofile som blir utsett for vald på denne måten, og at det gjer noko med homofile sitt høve til å vere opne om legninga si.

Oslomannen valde å melde overfallet, som resulterte i karniebrot og blått auge, til politiet. Overfallet vart registrert som lekamsskade.

Sverige har sidan 1997 særskild registrert all vald mot minoritetsgrupper, såkalla hatvald. Håkon Haugli meiner Noreg bør kunne følgje Sverige sitt eksempel.

Samstundes peikar han på at vald mot ei etnisk minoritet vert rekna som rasisme her til lands.
- Men homofile har ikkje same vern.

Til hausten skal homonettverket treffe justisminister Knut Storberget og snakke om mellom anna hatkrimminalitet. Haugli ønskjer at regjeringa skal syte for at politiet registrerer hatrelatert vald og gje alle minoritetar same vern under lova. I tillegg meiner han det må ei haldningsendring til hjå politiet slik at homofile lettare kan anmelde hatrelatert vald.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving