Nordmenn framme i Damaskus

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bussane med nordmenn som søndag blei henta ut frå Beirut, var framme i Damaskus i Syria i 3-tida måndag morgon norsk tid.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: gurteen.com)(Foto: gurteen.com)

Oslo (NTB): - Alle bussane skal nå vere framme, seier pressetalsmann Stein Iversen i Utanriksdepartementet til NTB tidleg måndag morgon.

Han fortel at nordmennene ved ankomst blei møtt av helsepersonell og politi, før dei blei innkvartert i den norske ambassadørboligen kor det er frakta inn ekstra madrassar og senger.

Ifølgje Dagbladet.no skal den første gruppa på 170 personar reise vidare til Noreg etter berre nokre få timar.

- Klokka 05.40 norsk tid flyr vi frå Damaskus til Oslo, opplyser informasjonskonsulent Hege Thoen ved SAS Braathens til Dagbladet.no. Flytida er på mellom fire og fem timar. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving