Noregsturistane godt nøgde

Artikkelen fortsetter under annonsen

Turistane synest at Noreg er attraktivt, venleg og velorganisert.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: efi2006.org)(Foto: efi2006.org)

(NPK): Årets gjesteundersøking for perioden januar til april i år syner at Noreg scorar høgt på kvalitetar som ekte, sunt, typisk nordisk og aktivt.

Bortsett frå høge prisar, har turistane lite å klaga på.

- Det er første gongen vi har spurt turistane om det generelle inntrykket av Noreg på denne måten. Og det er gledeleg å sjå at dei sit att med eit godt inntrykk av oss.

Svara stemmer med oppfatninga vår av at turistane er svært godt nøgde, seier seniorrådgjevar Audun Pettersen i Innovasjon Norge til Aftenposten.

Det er Transportøkonomisk institutt (TØI) som årleg gjennomfører denne typen undersøkingar for Innovasjon Norge. Årets undersøking er klar i januar 2007, men tal frå i fjor syner at 98 prosent av turistane var svært godt nøgde med noregsferien.

- Og fornøgde turistar kjem tilbake, ikkje berre ei gong, men fleire, seier Pettersen til Aftenposten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving