Ikkje heilt som planlagt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bankranarane hadde ordna med fluktbil, kreativ forkledning og ein pistol. Men det var ikkje nok til det perfekt ranet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei to bankranarane som slo til mot The Bank of America på torsdag feila totalt, melder St. Petersburg Times.

Det er ikkje berre berre å bli stoppa midt i eit ran. (Foto: sptimes.com) Det er ikkje berre berre å bli stoppa midt i eit ran. (Foto: sptimes.com)

Skapa merksemd


Søppeltømmaren Uwe Scherruble var opptatt med å lesse søppel på den blå søppelbilen sin, då han la merke til ein uvanleg syklist som tråkka forbi.

Syklisten hadde nemleg

raud motorsykkelhjelm, blå regnjakke og hagehanskar

på seg.

Også andre la merke til den uvanleg kledde fyren.

Lenger borte i gata stoppa syklisten for å prate med føraren av ein raud bil. Deretter tråkka han vidare.

Slo til


Syklisten stoppa no utanfor banken, gjekk inn og trakk fram ein pistol. Han kom seg opp på disken, fekk vekk betjeninga og byrja å fylle ein svart sekk med pengar.

Kanskje hagehanskane skulle blitt heime… (Foto: wdrake.com)Kanskje hagehanskane skulle blitt heime… (Foto: wdrake.com)

Etterpå kom han seg ut frå banken fortare enn svint.


Handla raskt


Då ranaren kom syklande tilbake, la søppeltømmaren merke til han igjen. Denne gongen var det

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

den raude røyken som kom ut av sekken hans

, som fanga interessa hans.

Søppeltømmaren la to og to saman, og kom fram til at den raudhjelma mannen måtte ha rana nokon.

Han såg på syklisten medan han lessa utbyttet om bord i den tidlegare nemnde raude bilen.

Søppeltømmaren handla raskt, og bestemte seg for å stoppe ranerane.

Stol på søppelbilen. (Foto: city.vancouver.bc.ca)Stol på søppelbilen. (Foto: city.vancouver.bc.ca)

Smadra fluktbilen


I beste fjernsynstil moste søppeltømmaren fluktbilen ved hjelp av søppelbilen sin. Dermed vart bilen smadra og hjula punkterte.

Ranaren byrja febrilsk å prøve å få seg sjølv og bilen unna, noko som gjorde andre bilistar urolege for om han kom til å komme borti deira bilar. Dermed vart politiet varsla.

Kom seg unna


Til tross for tapre forsøk, kom den eine av dei to ranerane seg unna. Men ransutbyttet la han att etter seg...

Skulle rømlingen forsøke seg igjen, veit i allefall politiet kva dei skal sjå etter: ein middelaldrande mann i blå regnjakke, raud motorsykkelhjelm og hagehanskar.

Ja, hvis han ikkje har lært av denne episoda, då.

Meir i Neste klikk:

Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving