E.coli gir lammemangel på grillen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Butikkane er tome for lammekjøtt etter E.coli-hendingane som førte til at store parti med lammekjøtt måtte destruerast.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Bilde: www.vinmonopolet.no)(Bilde: www.vinmonopolet.no)

Oslo (NTB):Den farlige bakteria som herja landet i vinter og vår har rett og slett lamma grillsesongen, skriv Nationen.

- Det er snautt med lam i marknaden akkurat nå, bekreftar direktør Trygve Branderud i Norsk Kjøtt Totalmarked.

Også biff og indrefilet frå storfe er det manko på, men det kjem hovudsakleg av at nordmenn et så mykje av denne typen kjøt at kjøtprodusentane må importera frå utlandet.

Til saman måtte Gilde trekkja tilbake 175 tonn med kjøtprodukt på grunn av e.colisaken.

Nordmenn som ynskjer lammekjøt på grillen må difor smøra seg med
tålmodighet. For om få dagar byrjar dei første bøndene med årets lammeslakting, og om kort tid vil det vera lammekjøt å få i butikkane.
(©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving