Vil fjerne HIV-paragrafen
(NPK): Paragraf 155 rammer personar som med vilje eller uaktsamt overfører smitte eller utset ein annan for smittefare.
Ifølgje HivNorge er den i praksis utelukkande nytta i saker der det dreier seg om HIV/AIDS.
Styreleiar Per Miljeteig meiner det er andre punkt i straffeloven som dekkjer slike lovbrot, og organisasjonen oppfattar derfor paragrafen som stigmatiserande.
No seier leiaren av Stortingets justiskomité, Anne Marit Bjørnflaten (A), at ho vil ta paragrafen opp med Justisdepartementet før neste års gjennomgang av norsk straffelov.
- Eg har stor forståing for at HivNorge oppfattar paragrafen som stigmatiserande, og eg meiner vi må vurdere den, seier Bjørnflaten.
Ho understrekar at ho ikkje har bestemt seg for om paragrafen bør fjernast.
Paragraf 155 pålegg den HIV-positive alt ansvar for at ingen skal bli utsett for smitte, ifølgje HivNorge.
Miljeteig seier at den same paragrafen også skaper mykje forvirring, blant anna fordi den ikkje gir eit klart svar på om den hiv-positive har opplysningsplikt, altså om han må fortelje at han er smitta. (NPK)