Dårleg kvalfangst

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norske kvalfangarar kjem berre til å ta halve kvalkvoten i år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

 (Bilde: www.scu.edu.au) (Bilde: www.scu.edu.au)

(NPK): Norske styresmakter har sett årets kvote på 1.052 kval, men så langt er berre 444 blitt skotne. Dette trass i at kvoten har auka frå fjorårets 797.

Det er venta at det totale talet på fanga kval ikkje vil overstige 500 innan sesongen er slutt i august.

Årsaka til den dårlege fangsten skal ifølgje ein talsmann for industrien kome av dårleg vêr tidlegare i år, melder BBC.

Miljøvernorganisasjonar hevdar heile industrien er i ei krise der frysediskane bugnar av useld kvalkjøt frå tidlegare, fordi norske forbrukarar ikkje vil ha det, skriv NA24.

- Noreg har ei real hovudpine denne sommaren. Mellommenn klarar ikkje å få seld kjøttet som allereie er fanga og dei går tomme for lagringsplass, seier Sue Fisher frå Whale and Dolphin Conservation Society. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving