Israel bombar Beirut

Artikkelen fortsetter under annonsen

Israelske styrkar bomba torsdag morgon flyplassen i Beirut.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fem israelske rakettar råka rullebana på den internasjonale flyplassen i Beirut. Flyplassen vart stengd, og trafikken omdirigert til andre flyplassar i midtausten, melder VG.

Den libanesiske hæren har svara på angrepet med maskingeværeld.

I eit andre israelsk luftangrep mot Sør-Libanon torsdag morgon skal minst 10 sivile vere drepne. Politiet i Libanon melder at det dreier seg om ein libanesisk sjeik, kona hans og deira åtte barn.

Angrepa er truleg ein reaksjon på at to israelske soldatar blei tatt til fange av Hizbollah-geriljaen, men det israelske forsvaret har så langt ikkje kommentert angrepa.

Omlag 30 menneske er no meld omkomne i angrepa, melder NRK.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving