Meny

Vil ha øl til vernepliktige

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Leiinga for alle våpengreiner i Forsvaret meiner det bør vere ølservering i soldatmessene.

(Foto: gea-pen.nl)(Foto: gea-pen.nl)

(NPK): Det kom fram på landskonferansen for dei vernepliktiges tillitsvalde i Bodø nyleg, skriv Aftenposten.

I dag vert offisersmessene drivne av Forsvarsbygg, som har vanleg matservering. I tillegg finst det i militærforlegningane som oftast fritids- eller befalsmesser, ofte i same lokale som offisersmessene. Baren vert her driven av befalet sjølv, der ein sivilt tilsett eller eit befal sit med skjenkjeløyvet.

På landskonferansen kom det opp spørsmål om også soldatar bør kunne ta seg ein pils i messa etter ei slitsam arbeidsveke. Landstillitsvalt Axel Sjøstedt meiner signala frå forsvarstoppane er svært positive og at dette er teikn på ei kulturendring i Forsvaret.

- For oss handlar dette meir om likestilling mellom befal og soldat, enn at vi står på barrikadane for å ha øl i messa. Som eit ledd i arbeidet mot likestilling kjem vi til å be Forsvarsstaben om å greie ut om den forskjellsbehandlinga som framleis finst mellom befal og soldat, og som strir mot det kollegiale, seier Sjøstedt til avisa.

Forsvarsstaben vil ta meldingane frå dei vernepliktige om forskjellsbehandling på alvor, seier pressetalsmann og major Christian Øverli. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus