Ikkje alle kosttilskot er bra

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kosttilskot kan gi helseskadar. Det konkluderer Mattilsynet med i en fersk rapport. Fleire kosttilskot inneheldt blant anna legemiddel.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Dei fargerike pillene har det til felles at dei skal vere bra for helsa, men kosttilskot kan ifølgje Mattilsynet vere helsefarleg på grunn av innhald og feilmerking. Ein firedel av dei kontrollerte produkta har ulovlege påstandar om helseverknad, medan ein femdel innheld urter som er klassifisert som legemiddel.

Salet av kosttilskot er femdobla dei siste åra og berre i fjor kjøpe nordmenn helsekost for over to milliardar kroner.

Mattilsynet meiner bransjen må vere medvitne over ansvaret sitt for å unngå helsefare.

Bransjen sjølv er uroa over innhaldet i rapporten. Turid Backer som leiar Bransjerådet for naturmiddel seier det er svært uheldig at Mattilsynet finn legemiddelsubstansar i produkta.

- Det skal ikkje skje. Vi lever av tillit og er avhengig av at forbrukarane har tillit til oss. Det jobbar vi veldig hardt for å få til. Vi har innført ein produktkontroll og vi har eit etisk bransjeråd for medlemmene, seier Backer til NRK. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving