Meny

På rulleskøyter i 90 km/t

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

På den tida eg stod på rulleskøyter hadde dei fire hjul, bremser bak og gjekk saakte. Det var òg grunnen til at eg slutta.

Alt blir artigare med litt fart. (Foto: northshorehealth.com) Alt blir artigare med litt fart. (Foto: northshorehealth.com)

Men no framstår rulleskøyter plutseleg litt spanande igjen. Årsaka til det er ei historie om ein 20-åring frå den nederlandske byen Roermond.

Haika med bil


Den unge mannen valde nemleg sist søndag å haike med ein bil ved å hengje etter han med rulleskøyter på beina, melder

Yahoo News

. Turen gjekk over ei strekning på meir enn fem kilometer. Og farten? Opptil 90 kilometer i timen!

Overraska politiet


Politiet som stoppa mannen, vart overraska over at han hadde klart å halde seg på beina i den høge farten.

Årsaka til den uvanlege framkomstmetoden seier historia ingenting om.

Mannen vart tatt for å ha utsett trafikken for fare. Seinare vart han også nøydd til å sone nesten 30 dagar for eit tidlegare lovbrudd.

Bilen og sjåføren han hang etter vart derimot ikkje funne.

Desse rulleskøytene vart plutseleg interessante igjen. (www.skates.com) Desse rulleskøytene vart plutseleg interessante igjen. (www.skates.com)

Inspirerande


Historia gav i alle fall meg lyst til å blåse støv av dei gamle rulleskøytene mine.

For det er merkeleg kor mykje farten har å seie. Det gjer alt så mykje meir spanande og artig, liksom.

Men, som ordtaket seier: ein må lære av historia.

Så kanskje er det best om nokon andre tar seg av å stå på rulleskøytene, så kan eg heller køyre bilen.

Ønsk meg lykke til, folkens!

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus