Nord- og Sør-Korea møtast på regjeringsnivå
Pusan (NTB-Reuters): Samtalane finn stad i byen Pusan i Sør-Korea.
Den sørkoreanske regjeringa ønskjer at samtalane skal fokuserast om Nord - Koreas rakett- og atomprogram, men representantar for Nord-Korea unngjekk stort sett spørsmålet ved å vise til ei utsegn frå landet sitt utanriks - departement i førre veke der det heiter at Nord-Korea har rett til å utvikle og teste rakettar.
Sør-Korea vil også be om at naboen i nord vender tilbake til dei såkalla sekslandssamtalane om atomvåpen - programmet, der Sør-Korea, Japan, Russland, Kina og USA deltek. Samtalane gjekk i stå i november i fjor.
Samtidig med møta i Sør-Korea vil USA leggje press på Kina for å få landet til å stille seg bak ein resolusjon som går inn for sanksjonar mot Nord - Korea.
FNs tryggleiksråd har utsett avstemninga om resolusjonen for å gje Kina tid til å samtale med nordkoreanske styresmakter. (©NTB)