Gir blaffen i vaksenopplæring

Artikkelen fortsetter under annonsen

Berre seks av ti kommunar her i landet har et tilbod om grunnskuleopplæring for vaksne.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det går fram av tal frå Vox - nasjonalt senter for læring i arbeidslivet.

Mange kommunar prøver å lure seg unna pålegget om å ha eit utdanningstilbod til vaksne, meiner fagsjef Vigdis Haugerud.

- Etter at vi fekk ei ny reform om dette i 2002 er tilpassa grunnskule - opplæring for vaksne ei oppgåve som kommunane er pålagt å gi, men dessverre vel mange å prioritere det vekk. Det er sterkt beklageleg, seier Haugerud til P4 Nyhetene. Hun meiner det er ei god investering for ein kommune å sørgje for at fleire får grunnskuleutdanning.

- Det vil få fleire ut i arbeidslivet og ikkje minst sørgje for at dei forblir i arbeidslivet, seier fagsjefen. Ho etterlyser no politikarane på Stortinget som fekk reforma i 2002 vedteken.

- Dei burde jo sørgje for at et politiske vedtak blir følgt opp av kommunane. Når ingen pressar kommunane, er det heller ikkje lett å få fleire til å gi eit slikt utdanningstilbod, seier Haugerud.

I haust startar ei omfattande kartlegging av kor mange av dei om lag 80.000 vaksne som ikkje får lovpålagt undervisning. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving