Vil ha strengare våpenkrav

Justisdepartementet vil innføre lovfesta våpenkarantene for personar som har vore psykisk sjuke.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Avdelingsdirektør Magnar Aukrust i departementet opplyser til Aftenposten at regelen no i korte trekk er at personar som ikkje er skikka til å ha våpen, heller ikkje skal ha det. Politidirektoratet har hatt praksis for å gi karantene til psykisk sjuke før dei får attende våpenet sitt, men denne praksisen er ikkje klargjort i form av ein heimel i våpenlova.

- Vi vil skape ein klar heimel om våpenkarantene etter psykisk sjukdom, og synleggjere regelen for alle brukarar av den. Vi ønskjer no ei utgreiing om ein lovfesta karantene, seier Aukrust.

Lengda på ein eventuell lovfesta karantene er ikkje avgjort, men Politidirektoratet opplyser om at dei i dag har ein praksis på eitt års karantene. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy