Fordømmer japansk trussel mot Nord-Korea

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sør-Korea kritiserer kraftig japanske trusler om eit såkalla førebyggjande angrep mot Nord-Korea.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: tldm.org)(Foto: tldm.org)

Seoul (NTB-Reuters-AFP): - Det er ei alvorleg utvikling at japanske ministrar kjem med utsegner som rettferdiggjer førebyggjande angrep og bruk av militærmakt mot Korea-halvøya, seier talsmann for president Roh Moo-Hyun, Jung Tae-Ho.

Japanske leiarar har sagt at dei vurderer om eit førebyggjande angrep mot Nord-Korea vil vere i strid med landets pasifistiske grunnlov fra 1947.

Krisa rundt det Nord-Koreanske atomprogrammet tilspissa seg ytterlegare sist veke etter at Nord-Korea skaut ut sju rakettar, blant dei ein langdistanserakett som i teorien skal kunne nå heilt til USA.

Samstundes kom det tysdag rapportar om at Nord-Korea kan vere i ferd med å førebu ei ny oppskyting av rakettar.

Amerikanske og japanske satellittbilde syner ny aktivitet ved dei nordkoreanske rakettbasane, ifølgje japanske regjeringskjelder. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving