Dagleg psykisk sjuke på glattcelle

Artikkelen fortsetter under annonsen

Stadig fleire psykisk sjuke hamnar på glattcelle. I fjor sette politiet over 1.000 menneske med psykiske problem i arresten. Det er tre personar kvar einaste dag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: chronicle.augusta.com)(Foto: chronicle.augusta.com)

(NPK): For tre år sidan sette politiet litt over 700 menneske med psykiske problem på glattcelle. Oftare og oftare må politiet rykkje ut for å ta seg av folk i krise som kan skade seg sjølv eller andre.

Ifølgje politilova har politiet plikt til å hjelpe når innbyggjarane opplever faresituasjonar. Og det er ofte politiet publikum ringer til først dersom dei føler seg trua. Hjelpa skal skje på ein så skånsam måte som mogleg, forklarer politiinspektør i Politidirektoratet, Geir Gudmundsen, til NRK.

- Kva som er skånsamt må vi vurdere frå tilfelle til tilfelle, men nokre gonger er det skånsamt å sette folk med psykiske problem i politiarresten. Det vernar pasienten sjølv, og også omgjevnadane, meiner Gudmundsen.

Visepolitimeister i Oslo, Roger Andresen, understrekar at politiet ikkje er utdanna til å handtere eller ta seg av psykisk sjuke.

- Vi opplever ganske sterke scener og blir av og til sett litt ut av spel, fordi kunnskapane våre ikkje strekkjer til, seier Andresen.

Helsestyresmaktene og politiet gav nyleg ut eit rundskriv for å fordele og klargjere på nytt ansvaret for psykisk sjuke. Skrivet seier ingenting om psykisk sjuke på glattcelle, men ifølgje Sosial- og helsedirektoratet vil eit tettare samarbeid mellom etatane få ned talet.

- Vi trur ikkje arresten er det rette tiltaket for denne gruppa pasientar, seier prosjektleiar Trond Christensen, som mellom anna er ansvarleg for gjennomføringa av regjeringas opptrappingsplan for psykiatrien. Han trur likevel det kjem til å sitje folk med psykiske lidingar i politiarresten også i framtida, men understrekar at dei må sitje der så kort som mogleg før dei eventuelt blir overført til ein plass på ein psykiatrisk institusjon eller får ei anna form for oppfølging frå helsepersonell.

Direktoratet går elles inn for at politifolk skal lære meir om psykiske lidingar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving