Engelsk Jimmi på norsk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire veker etter premieren, blir no den norske animasjonsfilmen «Slipp Jimmi fri» sett opp med norsk tekst. Men berre i dei store byane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):- Vi ønskjer sjølvsagt at også landets over ein halv million hørselshemma skal få sjå denne filmen som vi er veldig stolte av, seier produsent Lars Hellebust i Storm Studio, produsenten bak filmen.

Hellebust seier at planen var å få teksta filmen til premiera i mai, men at det vart vanskeleg på grunn av tida. Prislønte og kritikarroste «Slipp Jimmy fri» er snart sett av 200.000 kinogjengarar.

Jon Solberg i Hørselshemmedes Landsforbunds ungdom (HLFU) synest dette er eit supert initiativ frå produsenten, men meiner slik teksting bør vere sjølvsagd.

- Alle norske filmar bør bli teksta. Det dreier seg om at vi som er hørselshemma skal ha same tilgang til norsk kultur som andre, meiner Solberg. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving