Underleg spleiselag

Artikkelen fortsetter under annonsen

På plenen din står ein utedass. For å få fjerna han, må du betale pengar. Og det er ikkje din dass.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Det skjer nok ikkje deg så ofte. Men hadde du budd i Chauncey, Ohio, hadde det kanskje vore ein viss sjans for at dassen hamna på din plen.

Kreativt påfunn, eigentleg, å bruke ein dass til å samle inn pengar. (Foto: pvav.xhosting.cz)Kreativt påfunn, eigentleg, å bruke ein dass til å samle inn pengar. (Foto: pvav.xhosting.cz)

Der har nemleg ei gruppe innbyggjarar gått saman i eit noko spesielt spleiselag for å kunne greie å betale lysrekninga for gatelysa sine.

Drittlei skatt


I fjor gjekk nemleg innbyggjarane i Chauncey imot ein skatteauke som mellom anna skulle gå til å betale 500 dollar i månaden i lysrekning for gatelysa i byen.

Sidan då har innbyggjarane fått inn pengar gjennom tv-bingo slik at dei har kunna hatt lys i gatene.

Sjeldan plenpryd

Men frå juli av er det denne gruppa av innbyggjarar, «the emergency management group» som skal syte for å skaffe pengar til vege, og det har dei altså gjort på ein rett så humoristisk måte:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein utedass er no på vandring rundt om i nabolaga, og den som får han på sin plen, må sjølv syte for å fjerne han.

Humor betalar


I staden for doskål, har toalettet ein bolle kor folk kan leggje pengar oppi.

Og på indre dovegg står det eit namn og nummer dei kan ringe for å få hjelp til å fjerne dassen. Nummeret går til ein av folka i redningsgruppa.

Chauncey, Ohio kan kanskje vere plassen å bu viss du leiter etter eit nabolag med sans for humor og absurditetar. (Foto: pix.epodunk.com)Chauncey, Ohio kan kanskje vere plassen å bu viss du leiter etter eit nabolag med sans for humor og absurditetar. (Foto: pix.epodunk.com)

Han heiter Jerry Dowler, og kjem og hentar dassen i pickup'en sin når han får beskjed om det.

Mot betaling, sjølvsagt...

Strøymer inn


På berre to dagar greidde gruppa å få inn heile 200 dollar gjennom denne tredassen. Dessutan har dei seld heimelaga kaker og vaska bilar for folk, og på den måten fått inn tilsaman
3 000 dollar.

Så no skal det vere lyst i Chauncey heilt til nyttår, i alle fall.

Kjelde: TBO.com

Chauncey ligg i Athens county i delstaten Ohio (USA). Byen har 1 067 innbyggjarar og 431 husstandar. (Kjelde: Wikipedia)


Andre do-relaterte saker:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving