Meny

Krisehjelp: Badedrakt

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er nesten uråd å finne badedrakt i butikken nå. Hyllene er tomme og krisa er nær. Men det er råd å få!


Juli er ei trasig tid å handle badedrakt i. Alt det fine er vekke for lengst. Her er tipsa til deg som leiter etter det spesielle:

Bikini for den miljøbevisste: Økologisk dyrka, kan komposterast. (Foto: gm.tv)Bikini for den miljøbevisste: Økologisk dyrka, kan komposterast. (Foto: gm.tv)

Øko-drakta


Er du bevisst kva du har i deg og deg, og likar å tenkje grønt? Kål-bikinien må vere løysinga, då. Den kan du lage sjølv, vil eg tru.

Du treng berre litt sommarkål og litt hyssing, og vips - så kan du lage deg ein bikini etter malen på biletet.

Gjenbrukspotensialet er og stort: Etter ein sveitt dag på stranda kan du bruke bikinien til å lage kålrulettar til middag eller du kan knaske han i deg rå på veg heim.

A la Mira


Mira Craig er ikkje berre kjend for god musikk og dårleg stagediving , ho har og gjort seg bemerka med sine heimelaga kjoler eller bikiniar.

Det Mira truleg har forstått er at heimelaga klede kan skreddersyast, eller skredderstrikkast, til kvar einskild sin kropp.

Kan Barbara (84), kan du! (Foto: coldplay.com)

Ikkje dumt når måla oppe og nede ikkje følgjer vanlege europeiske standardar. Og tenk så søtt det er å hekle ein speedo eller ein bikini til kjærasten sin.

Garantert mange plusspoeng, både i boka og på stranda!

Coldplay-body-suit


Er du av typen som likar å vere både litt internasjonal og er ein smule ekshibisjonistisk, kan dette vere noko å prøve: 84 år gamle Barbara som opptrer i Coldplayvideoen «The hardest part» har på seg ein enkel kroppsdrakt i nylon og lær med litt naglar på.

Med ein slik drakt vil du garantert vekkje oppsikt på stranda, samstundes som du får kamuflert både kjærleiks-handtak og skrukkete brystkassehud.

Ruby Wax har forstått det: Heildekkjande skjuler ALT! (Foto: gm.tv)Ruby Wax har forstått det: Heildekkjande skjuler ALT! (Foto: gm.tv)

Muslim-badedrakt


I Egypt kan du skaffe deg noko som heiter «Sharia swimsuit». Denne badedrakta vart laga for at muslimske kvinner skal sleppe å bade fullt påkledd.

«Sharia swimsuit» har høg hals, lange ermer og eit lite skjørt. Drakta er slett ikkje ettersitjande, heller.

Det er meininga at ein skal bruke denne badedrakat over langbukser, så her har me absolutt eit godt alternativ til den blyge og sjenerte.

Med og utan Wax


Er du dritlei barbering av kroppshår ? Har du hudtype som krev solfaktor 60+? Kanhende kan løysinga til Ruby Wax ha noko for seg:

Kle på deg langerma trøye og stillongs, før du tar

bikinien eller badebuksa utanpå der att

.

Feit, halvnaken og fri kan bli den neste trenden. (Foto. porkdisco)

Så kan du gje voks, barberhøvel og solfaktor på båten resten av somaren, og liggje på stranda med den beige, brune, blå eller rosa kroppen din og kose deg.

Naturell


Siste tips ut er ganske enkelt: Kom som du er. Med eller utan hengepupper , kjærleikshandtak , designarbikini...

Ta på deg det du har og ikkje bry deg.

NB! Passar best for dei med litt mot og/eller utan gangsyn.



Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus