Jose Ramos-Horta teken i eid som statsminister
Dilli (NTB-Reuters): Utnemninga av Ramos-Horta gir håp om stans i uroligheitene og valdsaksjonane som har herja Aust-Timor dei siste månadene.
- Den første jobben til den nye regjeringa blir å gjenopprette fred og stabilitet, seier president Xanana Gusmao, ifølgje BBC.
Minst 20 personar er blitt drepne og over 100.000 har måtta flykte frå heimane sine.
- Den nye regjeringa vil fokusere på å løyse krisa, slik at folk kan vende tilbake til heimane sine og situasjonen kan bli normalisert, sa Gusmao måndag.
Tidlegeare statsminister Mari Alkatiri gjekk av 26. juni, etter ei rekkje skuldingar om at han bidrog til valdshandlingane og sammenstøyta som ramma øystaten i mai. Etter kvart utvikla det seg ein djup konflikt mellom Alkatiri og president Gusmao, og ein periode var det usikkert kven av dei to som kom til å trekkje seg. (©NTB)