Meny

Jose Ramos-Horta teken i eid som statsminister

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Fredsprisvinnar Jose Ramos-Horta blei måndag teken i eid som ny statsminister på Aust-Timor.

Aust-Timors president Xanana Gusmao (til venstre) og Nobelprisvinnar Jose Ramos-Horta under eit møte med ungdomsleiarar i Dili i helga. Ramos-Horta blei måndag teken i eid som ny statsminister på Aust-Timor. (Foto: NTB)Aust-Timors president Xanana Gusmao (til venstre) og Nobelprisvinnar Jose Ramos-Horta under eit møte med ungdomsleiarar i Dili i helga. Ramos-Horta blei måndag teken i eid som ny statsminister på Aust-Timor. (Foto: NTB)

Dilli (NTB-Reuters): Utnemninga av Ramos-Horta gir håp om stans i uroligheitene og valdsaksjonane som har herja Aust-Timor dei siste månadene.

- Den første jobben til den nye regjeringa blir å gjenopprette fred og stabilitet, seier president Xanana Gusmao, ifølgje BBC.

Minst 20 personar er blitt drepne og over 100.000 har måtta flykte frå heimane sine.

- Den nye regjeringa vil fokusere på å løyse krisa, slik at folk kan vende tilbake til heimane sine og situasjonen kan bli normalisert, sa Gusmao måndag.

Tidlegeare statsminister Mari Alkatiri gjekk av 26. juni, etter ei rekkje skuldingar om at han bidrog til valdshandlingane og sammenstøyta som ramma øystaten i mai. Etter kvart utvikla det seg ein djup konflikt mellom Alkatiri og president Gusmao, og ein periode var det usikkert kven av dei to som kom til å trekkje seg. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus