Meny

Dårleg arbeidsmiljø på sjukehusa

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Arbeidsmiljøet på tre av fire sjukehus får strykkarakter i ein ny rapport frå Arbeidstilsynet.

(Foto: oncology.stanford.edu)(Foto: oncology.stanford.edu)

(NPK): Tilsynet har intervja 6.500 legar, sykepleiarar og hjelpepleiarar på 67 sjukehus som blant anna svarar at arbeidspresset gjer at dei ikkje klarar å følgje opp pasientane på ein forsvarleg måte.

Til saman har dei 67 sykehusa fått 292 pålegg om å utbetre arbeidsmiljøet.

- Alle opplever arbeidspress. Men det er klart at i den grad det blir konstant og vedvarande og ikkje blir løyst, så er det ei grense for når det blir eit helseproblem, seier prosjektleder Tom Østberg til NRK.

Trong økonomi på sykehusa er ei av årsakene til det dårlege arbeidsmiljøet. Arbeidstilsynet varslar tvangsmulkt til dei sykehusa som ikkje betrar arbeidsmiljøet.

Statssekretær Rigmor Aasrud (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet meiner sykehusa får nok pengar fra staten, og seier at det er sykehusleiinga som har ansvaret for arbeidsmiljøet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus