Meny

Fidel og bestemor

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Sosialistisk vasski-oppvisning på Varangerfjorden? Det må ha vore ein draum.

Fidel Castro, verdas lengstsitjande statsoverhovud, fyller 80 år i sommar.

Kva snakka eigentleg bestemor mi med Castro om? (Foto: Wikipedia)Kva snakka eigentleg bestemor mi med Castro om? (Foto: Wikipedia)

Eg drøymde at han kom til Noreg, og at bestemor mi fekk møte han. Bestemor er 93 år, og ho hadde nok nokre gode råd å gi den unge Castro på vegen.


Kong Castro


I draumen blei Castro hylla som ein konge under statsbesøket. Sidan det er sommar, var det skipa til ei feiring med innlagd sosialistisk vasski-show på Varangerfjorden.

Og bestemor mi var plukka ut til å få møte han. To venlege men svært bestemte menneske, to imponerande stabeisar for å seie det rett ut, møttest til ein intim samtale i eit lukka rom. Ein omdiskutert diktator og eit rivjern av ei kvenkjerring.

Gode råd til ungdommen


Eg veit ikkje kva dei prata om, bestemor og Fidel. Kva snakkar gamle menneske om over kaffikoppen? Bestemor sto i alle fall for kaffien, og vaffelkake med moltebærsyltetøy blei det garantert.

Kanskje dei diskuterte leiarrolla. Bestemor var sjef for gard og heim og syskjen og etterkvart eigne ungar i omlag 80 år, etter at mor hennar blei sjuk då ho var 10. Dei 47 åra Castro har vore statsleiar kan verke litt puslete i forhold, sjølv om han har bygd opp og til dels halde greie på eit heilt land med 11 millionar menneske i desse åra.

Midnattssol og mørketid, det har dei ikkje på Cuba. (Foto: Wideroe.no)Midnattssol og mørketid, det har dei ikkje på Cuba. (Foto: Wideroe.no)

Vêret


50% av alle samtalar handlar om vêret. Eg har aldri vore på Cuba, men eg har lese at dei berre har to årstider der. Anten er det varmt og tørt, det er liksom vinteren, elles så er det varmt og fuktig, det er sommaren. Det kan regne mykje, men det snør aldri.

Bestemor kunne nok fortelje om ein snøstorm eller to, og like mange minusgrader som Castro sitt badeparadis har plussgrader. Bestemor lærte seg å symje då ho var 70 år, i symjehallen.

Viddas gull. Finnmarks svar på mango.Viddas gull. Finnmarks svar på mango.

Moltebær og mango


Mat må ein ha, det er ikkje til å unngå. Og det er også eit sikkert samtaleemne når gamlingar snakkar.
- Finnbiff, det har de ikkje på Cuba, sa sikkert bestemor. - Ikkje ein dag utan fisk og poteter, må bestemor ha sagt. - Og molter! Finst det moltebær på Cuba, spurde bestemor kanskje. - Nei, men vi har mango, sa Castro kanskje då. - Og rasjoneringskort for ris og bønner.

Russland


Bestemor bur i Finnmark, ikkje langt frå grensa til Russland. Den grensa var det som kjend ikkje så lett å kome over før 1989. Då Sovjetunionen braut saman, kunne bestemor reise til Russland viss ho ville. At ho aldri interesserte seg noko særleg for russarane, er ei anna sak. Grensa blei opna, og det kom russarar til Finnmark. For Castro betydde dei opne grensene i Europa at han miste sine viktigaste allierte og handelspartnarar.

Finnmark er på ein måte nesten like langt borte og like eksotisk som Cuba.Finnmark er på ein måte nesten like langt borte og like eksotisk som Cuba.

Eksotisk


Cuba er eit eksotisk land langt borte. Finnmark er på ein måte eksotisk og langt borte det og. Det er faktisk nesten like dyrt å flyge til Vadsø som til Varadero. Og korleis er det eigentleg i Midnattssola sitt land? Veit folk i Noreg det?

Vi ser meir på TV frå Finnmark enn frå Cuba, det er klart. Men ein må ha vore der for å vite korleis det er. Det er annleis, og langt borte. Der har dei noko til felles, bestemor og Fidel.

Hei og hå og ei kagge med rom


Heilt sikkert veit eg at dei røykte ein tjukk sigar og tok ein god slurk med rom som Castro hadde med seg. Og så kanskje dei tok seg ein liten salsa utpå golvet viss tonen blei riktig god.

Men eg trur nok det må ha vore ein draum alt saman.


Meir om Cuba i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus