Meny

Mogleg flykaos på Gardermoen over helga

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Fordi bakkemannskapa til Norwegians går ut i ferie og alt no er for få på jobb, kan det verta kaos på Gardermoen frå komande måndag.

(NPK): VG skriv at Servisair vil ha så lite personell tilgjengeleg at dei ikkje klarer å ta unna alle flyavgangane. Kring 100 flyplassfunksjonærar misser jobben 1. oktober fordi eit finsk selskap tek over ekspederingsansvaret frå Servisair. Mange av desse har alt slutta.

- Når fellesferien tek til no til veka, vert vi endå færre på jobb enn no, og attåt dette har vi jobba så mykje overtid at vi lyt seia nei til meir jobbing, opplyser klubbleiar Gro Jensen.

Norwegian ventar at Servisair leverer vara slik avtalen deira med selskapet er.

- Vi ventar at dei gjer det. Eg skjønar at denne saka er spesiell, med mange kjensler inne i biletet, seier informasjonsdirektør Anne Grete Ellingsen i Norwegian til VG. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus